HVEM ER VI?

Seks overskrifter. Fem jenter. Fire blondiner. Tre støvler. To nordstrendere. En(kelt) og greit.

Tolk det som du vil, få ord sier mangt.

Norsk.

torsdag 3. april 2014

Kva er eigentleg eit språk?

                             
 Wikipedia seier: “Språk (på riksmål også sprog) er et dynamisk sett av synlige, hørbare eller følbare symboler for kommunikasjon og elementer som brukes for å manipulere dem


Men dykk vet kva norsklæraren seier, kjelder må vere truverdige. Og kven forstår noko av dette uansett? Det er meiningslaust og skreve av ei 70 år gamal professor.

SNL seier: “Språk, den egenskap å frembringe hørbare (tale) eller synlige (tegn, skrift) ytringer som inneholder informasjon om sanseinntrykk, tanker, følelser og så videre, fra et individ til et annet individ”


Mykje av dette er for avansert for oss unge. 



Her kjem min eigen definisjon:
Kattar kan mjaue og male, hundar bjeffar og knurrar, alle levende skapningar har ei form for kommunikasjon.
Vi har menneskespråk.
Eit av kjenneteikna for språket vårt kan vi illustrere ved å endre på ein enkelt bokstav i ord som elles er like. Dersom vi bruker ordet foss og byter ut første bokstav med andre bokstavar får vi til dømes,
Moss-voss-oss-boss. Ord som har ei heilt anna meining.
Alt språk i verda er laga på denne måten. Berre tenk på det. Den einaste forskjellen er at det er ulike teikn eller bokstavar.
 Noko av det som gjer eit menneskespråk til eit språk er dei felles kjenneteikna vi finn.
Teikn eller bokstavar satt saman. Hugsar du korleis du lærte dei fyrste orda i fyrste klasse?

F+i+s+k+e+n s+y+m. Dette kallast for ei lydplan. Enkeltord for seg sjølv.

Så kjem ordplanen der kvart element har eit innhald. Fisken, sym.


Til slutt grammatikken(setningane) der delane blir satt saman. Fisken sym.
Det eg tenkjer er det viktigaste med språket vårt, er at det er ein måte å gjere deg forståeleg. Om det er å skrive, snakke eller døvespråk, så formulerer vi noko vi vil at andre skal forstå, noko som skal frem.
Vi kan takke verda for at vi har eit språk. Kva skulle vi gjort utan det? Korleis hadde det vori mulig å kommunisere? Det er derfor dette temaet fasinerer meg.

Kjelder:
Simonsen, Hanne: http://snl.no/spr%C3%A5k Lastet ned 1.april 2013
Anonym http://no.wikipedia.org/wiki/Spr%C3%A5k Lastet ned 28.mars 2013

Dahl, Berit m.fl.(2009): Grip teksten(Aschehoug)  

EBV -tolk det som du vil

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar